Fritak for karakter i norsk sidemål

Elever med individuell opplæringsplan kan ha rett til fritak for karakter i norsk sidemål. Skolen har utarbeidet eget skjema for søknad om fritak. Elever som får fritak må likevel følge undervisningen i sidemål.

Søknadsskjemaet lastes ned her og leveres til skolen v/rektor: Fritak for vurdering med karakter – skjema

I forskriften til friskoleloven står det blant annet:

§ 3-19. Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål.

Elevar kan søkje om å få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål dersom dei

a. har problem med å lære begge målformene på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon, eller

b. ikkje har gått i norsk grunnskole noko av ungdomstrinnet, eller

c. i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har hatt rett til særskild språkopplæring, eller

d. i løpet av ungdomstrinnet eller vidaregåande opplæring har gått ved internasjonal eller utanlandsk skole i Norge som er godkjend for å ikkje gi vurdering med karakter i sidemål.

Elevar som er fritekne frå vurdering med karakter skal få undervegsvurdering utan karakter.

Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål kan givast sjølv om ein ikkje lenger er elev i faget. Skolen sitt styre skal stryke standpunktkarakter og eksamenskarakterar i faget dersom fritak frå vurdering med karakter er innvilga.

Avgjerda er eit enkeltvedtak. Den skolen som har ansvar for å skrive ut vitnemål, skal fatte enkeltvedtaket.

0 Endra ved forskrift 29 juni 2020 nr. 1474 (i kraft 1 aug 2020, heile kap 3 endra).